Gyngestolen

Gyngestolen 1

Eit seniorforedrag på rotarymøte

I huset  ute på Aursneset sto der ein gamal gyngestol.

Som liten kan eg hugse at eg klatra opp i stolen og hadde mine tankar om samtida og om framtida. Her kunne eg site og drøyme meg vekk og fantasere om kva eg kunne gjere når eg vart vaksen. På ein måte var gyngestolen ein slags tenkeboks der alt var mogleg. Krigen kom med alle sine hendingar. Folkeskule og realskule gav nye innpulser og måtte sjølsakt tenkast gjennom. Alt dette kunne gjerast i gyngestolen som sto på ”bestestova” med ei fredeleg atmosfære rundt seg. Vi var skikkeleg bestevener gyngestolen og eg.  – Men så skilde vi lag. Eg reiste vekk. Først nokre år ute av bygda, sinare vart det andre møbler som var meir atraktive og moderne. ”Gamlehuset” vart reve og stolen vart sett vekk på stabburet.

Vi skulle nok møtast att. -I ei hytte ved Nysetervatnet som eg sette opp att med noke av tømmeret frå gamlestova fekk stolen plass. Her var vi i vårt rette element begge to. Her fekk vi ro og det rette draget på gynginga!

Her var det godt å slappe av etter tur på Ausekaret eller på andre fjelltoppar.

Det skal nok heller ikkje stikkast under gyngestolen at ofte gjekk tankane til planar for linjenett og straumforsyning. Mang ein ide vart utpønska i lett gynging i stolen.

Åra gjekk og vi vart eldre både stolen og eg. Hytta vart påbygd og heime vart ei kjellarstove innreidd.  Etter nokre innbrot i hytte-området der antikviteter vart borte, fann eg det tryggast å plasere stolen i kjellarstova. Framleis treivst vi godt i lag.

Tankar og idear dukka framleis opp i gyngestolen.

So kom tida som pensjonist. Tankemønsteret vart eit anna. Eg prøvde å legge mykje av arbeidet med elforsyninga over i minnet . Det dreia seg nå om hus, hage, trollgarnset og meir nære ting.

Eg sit no og av og til i gyngestolen. Etter åtte år som pensjonist hadde eg i grunn venta at tankar om ”no siste reis meg forestår”, eller noke liknande skulle dukke opp. Men nei du, det er andre tankefuglar som kjem flygande. Ideane kjem på løpende band. Når det minkar på framtida kjem interessa for fortida meir fram.

Av dei mange ideane har det vore spesielt ein som har fenga. Korleis kan vi presentere for framtida det som har hendt i vår nære fortid. Vi har fått eit utruleg verktøy etter at datamaskina vart nærast allemanseige.

Mange av oss har vel stått bøygd over arkivskuffer på jakt etter skriv eller opplysningar i den eller den saka. Ofte fann vi heilt andre ting enn det vi leita etter.

I Sykkylven Slektsforum såg vi på alt det Sykkylven komm. Sogenemnd har samla og gitt ut i bøker og hefte. Gamle bilde og seriar med flyfoto kunne scannast og presenterast. Her var det utruleg mange ting som kunne systematiserast. Tenkeboksen som gyngestolen var, kom  endå ein gong til nytte!

So var det prøving og feiling på datamaskina. Timar med korrekturlesing av OCR-scanna tekst. Kopling frå tekstbehandling mot bilde og nå også mot lydfiler slik at dei gode historiene kunne linkast mot personane som fortalde dei.

Multimedia heiter det vist på det ny språket.

Etter prøvetenking med og utan gyngestol har det heile teke form som eit digitalt arkiv der gardssogene og Sverre Andestad sine hefte er komne på plass. Sameleis Ord og utrykk. Dessutan mange hundre flofoto frå 1950 og –60 åra.

Brannen på Ungdomskulen med tap av mange bøker og kildeskrift viste at ei viss nytenking måtte til. Sogenemnda her investert i datautstyr og starten på det digitale arkivet om vår nære fortid er på plass på biblioteket. Under lett gynging i den omtalte gyngestolen dukkar stadig nye tankar og idear fram. Blir dei realisert.  Tida vil vise —–.

 

Tankefuglar flyg over framandt lende.

Skal tru korleis dette vil ende?

Det er mange minner eg fram att vil hente

tida er forkava og vil ikkje vente.

Er det nokon grunn til å gå her å spekulere,

kjem eg noke lenger med berre å fundere.

Då er det betre å ta ein prat over gjerdet,

ein kan då alltid snakke om veret.

 

Takk for meg og gyngestolen!