Seniorforedrag

Seniorforedrag 1

Kåseri på Sykkylven Slektsforum 3. april 2003

Eg var litt usikker på korleis eg skulle legge opp dette foredraget. Å stå og prate berre om seg sjølv i ein halv time kom eg til at kunne bli litt turrfengje, men etter kvart som eg tenkjer attende  er det lettare å sjå og  akseptere at eg er eit produkt av tida eg har hatt og av bygda eg har levd i. Eg kjem derfor i heile foredraget til å ha eit sideblikk på utviklinga i lokalsamfunnet Sykkylven.

Hausten 1928 såg eg dagens lys for første gong ute på Aursneset som nr. fire og yngstemann i syskenflokken. Far min, Ole, var frå Aursnes og var gardbrukar og laksefiskar. Mor mi, Klara var frå Jørngarden på Grebstad. Det var solide slekter på begge sider, og mange å forhalde seg til.  Val av genar kunne eg ikkje innverke på. Dessverre har eg tenkt til tider, heldigvis har eg tenkt til andre tider.

Moderat interesse for religion og musikk, men med ein svær interessetopp på teknikk. Det var utgangspunktet. Seinare har også andre ting fenga, slik som lokalhistorie, utvikling av dialektane og omforming av lokalsamfunna rundt oss. Det skal eg kome tilbake til etter kvart.

Eg kan ikkje hugse bestefedrane mine, dei var begge døde før eg vart fødd. På Grebstad hadde eg ei bestemor som ofte var på besøk på Aursneset. Ho hadde tid og interesse av å svare på dei mange spørsmåla som gutfanten hadde. Ho sette si ære i å lære meg å lese og rekne, så alt i 5 årsalderen fekk eg med meg lesekunsten. Ingen kunne heller lure meg med småpengane når vi kasta på stikka. Det kom vel med for ein som skulle bli ein rotekte sunnmøring.

Aursneset den gong var ein grei og trygg plass å vekse opp på. Men likevel ikkje heilt utan farar. To gongar vart eg hala på land etter eg hadde ramla ut for kaia. Eg vart tømt for vatn, rista godt og sett på beina på nytt, og så var det opp att og til att.  For det var på kaia det mest spennande gjekk føre seg. Her var badeplassen og her var det gamle Råna kom med bilar og ikkje minst  var det liv å røre under fisketørkinga. For ein som vaks opp på Aursneset var det naturleg å få eit forhold til sjøen. Livet i båt, seiling med færingen og ikkje minst spenninga rundt laksenota.

Eg gløymer ikkje den torsdagen i mai  1938 då far min ropte meg ned på voren. ”Kom hit gut skal du få sjå ein fin fisk” . Den fine fisken var ein laks på 27 kg. Litt av ein rugg! Den vart avbilda i Sunnmørsposten  nokre dagar seinare. (Det utklippet har eg i samlinga mi).

Men heime på garden var det også andre ting som fanga interessa til ein nysgjerrig gut. I kjellaren var det høvlebenk og mykje snikkarutstyr. Ein dreiebenk som måtte trøast vart også flittig brukt. Det vart mange merke i høvletenner og stempeljarn. Dessutan merke etter hammar og kniv der det helst ikkje skulle vere merke. Gamle smeden på Aursneset hadde smie i kjellaren på det som vi seinare kalla gamlestova. Her var det mykje som skulle utprøvast. Kanskje var det genane etter gamlesmeden som melde seg.  Nokon avansert smed vart eg ikkje, men å kvesse minebor det meistra eg tilslutt. Mykje smikol vart brent opp til inga nytte. Kanskje var det ikkje så bortkasta likevel. Det gav innsikt som skulle kome til nytte seinare når teorien skulle lærast.

Guten viste tidleg interesse for tekniske ting, ikkje minst elektrisiteten. Mang ein gong enda det opp med ein skikkeleg ”støyt”.  Av praktiske oppfinningar var det ein trastajagar i morellerbærtreet som vekte åtgaum. Gutfanten hadde lenge sett seg forarga på trasten som forsynte seg av morellerbæra. Her måtte noke gjerast!! Tomme tråsneller kunne brukast til så mangt. To uisolerte leidningar vart monterte og bendsla side ved side  på ei grein der trasten brukte å site.  Ut frå stikkontata i huset kopla eg ein bordlampe i serie og ned til morellerbær-treet brukte eg noke isolert leidning.  Det vart i alle fall eit frykteleg spetakkel med trastaskrik på morgåkvisten. Stakkars trast.  — Eg fekk ikkje godkjenning på utstyret, det kan eg huske.

Det var ikkje mykje teknisk litteratur tilgjengeleg for oss ungane på trettitalet. Han ”Høgres-Ole”  hadde fått ei bok om ”Enkle Elektriske Apparater” i julegåve. Turen opp til Høgreset var ikkje for lang. Ditta skulle eg sjå! Seinare fekk eg låne boka. Ho blei studert frå perm til perm.

Arbeidet på garden med høyonn, potetopptaking og husdyr var så sjølvsagt at det ikkje har festa seg spesielt til minnet. Det er i grunn stølslivet på Vassetra som dukkar opp i minnet. Her var kameratane samla, ikkje minst i helgane. Her var det spennande å fiske i vatna og i elva, eller ”løkane” som vi kalla det. Du og du so moro vi hadde det!  For ikkje å snakke om stølshelga i august med rjømegraut og  nysilt mjelk. År om anna trefte stølshelga på den tida mauren har vingar. Det vart nesten svart på grauta-tallerkenen. ” No he e ete meir maur enn graut” var det ein spissbur som sa.

Ein ting har festa seg i minnet. Det er pløging med hestevandring. Jens Halvarseter var dreng på nabogarden og var sjef for, og sto for det meste av konstruksjonen av sjølve spelet. På spelet var det montert ei lang stang, og her var drettet for hesten festa. Så var det for hesten å dra dette rundt og rundt i ein sirkel medan wiren frå spelet drog plogen. Etter at det heile var innkøyrd, fekk eg jobben med å styre hesten. Ei stund labba eg etter hesten, men etter kvart hamna eg sitande midt på spelet. Her styrde eg hesten og her såg eg meg rundt. Eg såg Stafjellet- Riksheimdalen- Staumshornet- Aurenakken og vidare til Storevarden og Flisneset. Så var det Stafjellet- Riksheimdalen- Staumshornet og så vidare og vidare – – -. Natta etter var det nesten uråd å få sove. Alt gjekk rundt. Det var Stafjellet- Riksheimdalen………….. I ettertid har eg lurt på korleis hesten hadde det. Kan hende drømde han om Stafjellet- Riksheimdalen  osv. Stakkars hest !

Av andre ting var det fisketørkinga, og det som gjekk føre seg der, som var svært spennande. Tidleg på våren kom frakteskutene med salttorsken som vart vaska i færingar. Desse vart sett på land og fylt med sjøvatn. På kalde morgonar var det is i desse båtane. Mange gongar vart det naglebit å få, det var ikkje noke søtemyse, men jobben måtte gjerast. Her var det mykje kjentfolk samla og mange fantestykkje som kunne gjerast.

Det er litt rart å tenkje på at dei som var tenåringar då, no er i åttiåra. Mange av dei er vekke.  Frå Grebstad og Fauske kom dei. Ungane måtte vere med. Det var viktig å få med seg dei kronene som fisketørkinga gav. Det var ingen som snakka om betaling for dei dagane som gjekk med til venting på terre,  for ikkje å snakke om dei uventa regnbyene som bløtte nesten tørr fisk.

Men i minnet mitt er det mange serpregne aktørar  i dei hendingane som dukkar opp. Heldigvis er det dei lyse hendingane som festar seg. Men eg kan likevel endå kjenne svien etter ramsalt klippfisk mot opne skrubbsår. Du og du kor det svei!

På Aursneset i den tida var det mange store steingardar. Desse vart frakta til sjøen og brukt til kaibygging og til fiskeplattingar. Til mesteparten av transporten til sjøs vart det nytta hest og slede. Men eg hugsar og at far leide lastebil der det gjekk an å køyre. Ein av desse var Karl Ramstad sin bil. Ved middagsbordet fortalde han frå gullgravarlivet i Alaska.  Eg sat med store øyre og lytta og lytta. Dette var eventyr frå virkeligheita.

Maten dei brukte grov dei ned i snøen. Potetene gjekk stivfrosne rett i kokande gryte. Dei brende store bål for å smelte telen slik at dei kom ned til grusen der gullet var. Han fortalde og fortalde—. Om han rakk å ete middagsmaten det kan eg ikkje erindre. Seinare har eg lese bøker om gullgravarane. Men ingen av dei var so spennande og livaktive som dei historiene som han Ramstad fortalde.

*************

Industrien gjorde sitt inntog også på Aursneset. I 1937 sette  Harald Rogne opp ei stor trebygning med plass til maskiner som batt garn og not. Spolemaskiner og garnstrekke var enklare utstyr. Det var slikt som det gjekk an å forstå, men knytinga i garnmaskinene var det verre å få med seg.

I Ullavika var Lunheimfabrikken komen i gong. Du for eit leven det var på maskinavdelinga! Då var det litt betre på sammensetteren der høvlebenken var standard utstyr. Fineravdelinga med innsetting av finerbiter i mønster  var reine kunsten. Men det var på ”Poleren ”det fine møblementet kom fram.

Vi som hadde trudd at det var berre i byen at det kunne lagast fine ting!  ”Bonane på lannet dur ikke til noe annet enn å grave frem poteter”. Denne påstanden var for alltid tilbakevist.

Tida på skulen gjekk greitt med han Johan Eidem som lærar dei første åra. Vegen frå Aursneset til Aureskulen var i grunnen ikkje så lang, berre knapt tre km. Men det hende vi tok turen ned til tjønna i Aureosen for å fange småfisk, eller ”ma” som vi kalla det. Då reiste tida fort.  Om vintrane var det isflak som frista. Det kunne vere litt farleg og var av dei tinga vi gutane ikkje prata om heime.

Når isen på fjorden frå Hauneset og innover, kom drivande ut mot Fauskelandet var sporten i full gang. Isflaka var glatte og det hende eg hamna i sjøen. Då var det å lure seg heim og å sjå tørrast mogleg ut.

I ”storskulen” var Ole Midtbust læraren min. Mange av faga var svært interessante og lysta til å lære meir melde seg. I 1943 vart det teke initiativ til å få i gong ein  realskule i bygda.

Eg var ein av dei som hamna i ungdomshuskjellaren med han ”Gammel- Lars” som hovud lærar. Mykje var provisorisk både på det romtekniske og på undervisningsplanen. Eksamenstida våren 1945 var eit kapittel for seg. Vi gjekk opp i alle fag, både skriftleg og munnleg samtidig som landet kokte i fredsrus. Munnleg engelsk var for min del ikkje avslutta før eg hadde rodd sensoren frå Aursneset til Magerholm. Det vart ein stri rotur, men karakteren vart brukbar. Eg trur innsatsen med roinga telde mykje med.

Vi som var ungdommar under krigen fekk med oss ein ekstra trening i orientering. Hugs at det var total blending i den tida. Ikkje eit einaste lys du kunne ”navigere” etter.

Det var slett ikkje enkelt å finne vegen heim att når du seint på hausten og seint på natta hadde fylgt ei jente heim. Nei det å vere på ”sjyvjing” var slett ikkje utan farar. (Sjyvjing var ei mjukare form for sjekking for dei som treng ekstraopplysningar).

I ettertid kan ein vel sei at resultatet ikkje sto i forhold til innsatsen. Men ordtaket: -”Det dur ikkje uprøvt” -galt nok då som no. Så var krigen endeleg slutt. Som ungdom såg eg lyst på framtida. Alt var mogleg nå! Planane var mange. Etter at landet hadde roa seg litt ned  blei det for meg også ein pause  i skulegangen med arbeid på fiskevegn og seinare møbler på Hjellegjerde. Men det var for å skaffe seg litt pengar for vidare skulegang.

Eg vart nok litt tent av ein uttale frå ein handelsreisande frå Ålesund som var evakuert under krigen.  ” Der er direkte uheldig at ungdommene frå landsbygden tar utdanning utover folkeskolen. De vil fortrenge byungdommen slik at de ikke får seg arbeid. Det burde være de som er født i byene som bør ha førsteretten til arbeidet der”.  Det verste var likevel at det ikkje berre var han som hevda det. I byane fanst det fleire som han.

Syskenbarnet mitt, han Lars som var jamaldra med meg, hadde ein svoger som var frå Skien, så han skulle søke på teknisk skule i Porsgrunn og bu i Skien. Eg sende også inn søknad og vi gjekk begge opp til opptaksprøve i Ålesund våren 1947.  Eg kom inn, men ikkje han.  ”Søren—ditta va ikkje etter planen”.

Kva så min kjære Per, tør du reise åleine?   Tvilen var der, men ikkje lenge. Det var nå ikkje utanlands. Du kan då språket og forstår kva dei seier. Eg reiste og forsto godt kva dei sa, men forsto dei der kva eg sa? Eller ville dei slett ikkje forstå.  Vel vel – tilpassingsevna var der og måtte brukast både tidt og ofte.

At eg delte hybel med ein Hildrestanding som eg kjende litt frå før, kom vel med.  To år med hektisk skolegang gjekk fort. Heim til jul og sommarferie var det den gong, ikkje kvar helg som no.  Sommaren 1949 barst det rett frå skulen og inn i kongens klær. Eg søkte på kurs for vidare skulegang i militære. Det var meir og ny lærdom eg var ute etter og søkte spesielt på radio og radarkurs.

Etter rekruttskule på Fornebu kom eg inn på ”Sambandskulen på Luttvann”. Så var det 10 mnd. på kurs før eg vart sendt til Luftforsvaret sine stasjonar som ”radiospesialist”.  Det var før transistoren kom i bruk, utstyret var brukt i siste krig og var ikkje topp moderne, men lærerikt var det lell! Men på eit felt var eg med blant pionerane! Eg var med å brukte den første ”mikrobølgeovnen” i landet.  Vi hengde pølser inn i radarantenna.  Første kokinga vart litt brend, men seinare gjekk det bra. Fest blei det og pølser til festen vart det også.

So kom juli 1950 med dimming frå Møvik Fort. Heimreisa gjekk frå Kristiansand via Stavanger og Bergen. Praksisjobb som elektrikar fekk eg på hurtigruta. Her trefte eg Per Ottestrøm som hadde vore i Oslo og kursa seg for å starte som installatør.

*************

Heime venta eit bondebygd i forandring. Kjellarbedriftene var der endå, men nokre av bedriftene hadde skikkeleg vokster i seg. Bolighusa kom etter kvart. Det var rikeleg arbeid for ein elektrikar. Ramstaddal og Søvikdal var område som venta på straum. Eit større arbeid var det å skifte ut alle glødelampane med lysrørarmaturar i Ekornes fabrikken. Elles var det greitt å bli kjend rundt om i bygda. Det kom til nytte seinare. Men det var praksis frå høgspentanlegg eg fann ut at eg ville ha.

Etter to års praksis  frå el-installasjon var eg i arbeid i Kraftverket. Eg var med på linjeutbygginga i Ramstaddal/Søvikdal og lærte mykje arbeidsteknikk av dei gamle montørane. Spesielt hugsar eg han ”Dirik-Gustav”.  Det å sjå korleis han brukte spettet når tunge transformatorar skulle flyttast var utruleg. Ikkje hadde han lært teorien om kraft gangar arm. Men kunne det i praksis, det gjorde han! Eg hadde alt oppdaga kor viktig det var å få med seg det beste av det gamle og samtidig vere open for det nye.

Eg var også med torsdag den 11 desember i 1952 då Ramstaddal og Søvikdal fekk elektrisk  kraft og eg hugsar godt middagen på Bøen den kvelden der ho Bø-Berte diska opp med kjøtkaker og han Bø- Olav var i skikkeleg godlune. Etter nyttår var det lysfest og utdeling av pokalar til oss som hadde vore med frå kraftverket. Skikkeleg ein milepel for dalane og eit minne for oss som var med.

*************

Kona mi er frå Ramstaddal og etter å ha vore forlova eit par år gifte vi oss i 1953. Året etter fekk vi ei jente, og eg hadde slått meg til ro med skulegangen, men det låg liksom eit ynskje om å kome vidare. I mellomtida var det starta ei eittårig tilleggslinje for everksdrift i Porsgrunn. Etter litt vurdering sende eg inn ein søknad om plass, og kom inn Permisjon vart innvilga, men utan lønn eller tilskot frå kommunen.

Skuleåret 1956-57 var det hardaste året eg har hatt. Etter eit opphald på seks år og så rett inn i ei klasse med eit beinhardt opplegg. Etter jul fekk eg hjelp frå praksisen som eg hadde. Med mykje ny nyttig lærdom vart det heimatt snarast mogleg. Vel heime igjen var det tilbake til Kraftverket med ombygginga av kraftstasjon på Riksheim. Ny maskin i tillegg frå dei to som var der frå før.

Seinare utbygging av Sekundærstasjon på Haugset som vi sette i drift i mars 1962. Det var nettopp slike anlegg vi hadde gått gjennom på skulen. Var eg spesielt teknisk interessert frå før, så blei interessa slett ikkje mindre nå. Dette var noke for guten som laga trastaskremsel i hagen på Aursneset.

*************

Eit lokalsamfunn i full fart over til å bli eit industrisamfunn. Ei elforsyning som blei ein viktigare og viktigare del av infrastrukturen. Oppgåvene var mange og interessante. Om eg hadde lyst å reise ut, ta nye jobbar og nye muligheiter? Ja vist vart dette vurdert. Eg søkte nokre jobbar som eg også fekk, men forankringa til Sykkylven var for strekt.

Med hus på Aursneset og hytte ved Nysetervatnet hadde familien funne sitt eldorado. Dei to barna, ei jente, og ein gut, vaks til og ville slett ikkje flytte. For min del var nok også fiskeplassane og trollgarnseta rundt Aursneset ei medverkande årsak til at vi slo oss til ro i bygda.

Før vi bygde hus på Aursneset budde vi i Nakkegata i sju år. Vi hadde ikkje kjøpt bil på den tida og opplevde det å bo sentrumsnært som lettvint og greitt.  Då vi flytta til nytt hus i 1965 fekk vi raskt oppleve kor nødvendig det var med bil for dei som ikkje bur like rundt sentrum.

Etter at vi bygde hus og flytte på Aursneset fekk vi regulering med vegar, hus  og industri rundt oss på alle kantar. Alt vart ikkje som før. Gamalt kjent og kjært vart radert vekk og ikkje alt nytt var så gjævt lenger. Utviklinga av bygdesamfunnet hadde liksom kome for nær. Det hadde begynt å forsyne seg av det miljøet som eg rekna for mitt eige -. På dei gamle garnseta sto det framande garn. Nye folk med andre prioriteringar!  – Nei søren,- kanskje var det betre før. Nye vegar. Nye byggefelt og ikkje minst flytting av ferga i 1972. Mange syntest at no var det liv og røre med framgang for det meste. Eg kunne liksom ikkje heilt rope hurra! Det var noke eg miste…

*************

I jobben derimot var eg ein av dei som hjelpte til med ny infrastruktur. Nye linjer og kablar. Nye kioskar og stadig krav om sterkare nett. Auken i straumforbruket var jamt over på 7%.pr. år. Alt skulle gjerast og likevel passe inn i framtidige planar. Nye teknikar og løysningar. Eit eldorado for teknokraten. Etter kvart kom det inn nye medarbeidarar i everket og eg glei over til leiing, organisasjon og økonomi. Slutten av 70 åre med holkort og den tida sin databehandling var eit møte med ei ny tid som skulle utvikle seg med rekordfart. Den eine versjonen av abonnementsystem avløyste den andre og vips var vi over i den ”digitale tidsalder” med elektronisk databehandling. Eg hugsar godt ein demonstrasjon av det første reknearket på Sparebanken. Det var Per Ringdal som viste kva det kunne brukast til. Det vart sein kveld på kraftverket med PC-en.  Neste dag hadde eg reknearket på plass og i bruk til  fleire formål. Men det hadde også hendt noke med meg. Eg vart bitt av det digitale viruset.

Etter kvart vart det mange diskusjonar om databruk og om kor fort det ville kome. Mange ord og sterke meiningar kom fram både frå politikarane og tilsette. Det viste seg at vi alle tok feil. Ingen kunne forutsei den enorme utviklinga som kom. Det er litt rart å gå gjennom tankane i ettertid og samtidig sjå på kva data-aldaren har ført til hittil. Ser vi framover og prøver å fantasere om det som vil skje av endringar i samfunnet,  er det nok stor sansynlegheit for at vi vil ta feil ein gong til, men spennande er det likevel!

Tankar og draumar er ennå ikkje blitt digitalisert- heldigvis-. Det var i 1983 eg tok over som Everksjef og møtte ny utfordringar. Everket heldt til i kommunehuset i tronge og upraktiske lokalar. Det var med stor glede vi flytta til eige hus i tidlegare Profilforming. Eige hus ja, vi som jobba i everket såg på det som vårt eige, og innsatsen til alle var deretter. Interessante år med mykje jobbing. Nye teknikkar og nye løysingar kom til samtidig som pensjonsalderen nærma seg sakte men sikkert –trudde eg. Men åra kom og gjekk utruleg fort. Det hende så mykje i elforsyninga siste åra. Alt skulle dreie seg om pengar og lønsemd. Det var ikkje så vanskeleg å henge med. Det vanskelegaste var å måtte overlate til andre oppbygginga av fjernstyringssystema og alt det interessante som fanst der. Dei som eg sette til den jobben fekk klar beskjed om at eg misunte dei. Framleis var ungdommeleg nysgjerrigheit tilstades!”Søren med. Ditta skulle eg så gjerne ha vore med på”!

*************

I 1984 kom eg med i Rotary og møtte det meste av yrkes-skikter i lokalsamfunnet Sykkylven. Med så mykje engasjement i kraftforsyning var det ikkje så rart at ein var litt einsretta på si eiga tue. Horisonten var kanskje vid nok, men kjennskapen til andre sin tankar og problem var ikkje god nok.  I Rotary var heile spekteret med. Eg følte samhaldet og treivst frå første møte.

I nokre år har eg vore med i Sykkylven Slektsforum. Interessa låg i første omgang på datasida og bruk av programvare for å systematisere slektsopplysningane. Etter kvart har spekteret blitt breiare. Korleis levde dei i farne tider? Korleis kan vi overlevere det vi veit om vår nære fortid til komande slekter på ein måte som dei vil etterspørre.

Dette har etter kvart blitt ein givandes hobby som eg har tenkt å forsette med. ”Når det minkar på framtida vert ein meir interessert i fortida.”

Her passar det med ei par limericks:

 

Gardssogene:

Ein datafrelst pensjonist i frå Aursnesa

 retta OCR scanning til han blåna i fjesa.

No skal det lagrast i digitalt arkiv

som er brannsikkert og utan telehiv.

Håper det ikkje ender med reine fadesa.

 

Fotoinnsamlinga:

Ein fotointeressert lærer framma Holen,

fann eit bilete gøymt under stolen.

Her var det mange dyr på, gut,

er det sau, kyr eller stut?

”Det e ho Grådue, ho Syrprei og ho Jensina i den fotside kjolen.”

Så litt ettertanke:

Mykje har blitt annaleis på alle desse åra. Bildet har endra seg, men eg synest det har blitt lenger å gå nå enn før. Sannsynleg er det skoene som har blitt tyngre -.

 

Konklusjon:

Etter å ha tenkt gjennom alle dei vala eg fekk –

Eg trur det var best det gjekk som det gjekk —–.

 

Takk for meg!

perarne

 

Seniorforedrag 2